Hopp til innhald
Tenester

Tømrartenester for private og næringsdrivande

iStand er gode på totalrenovering og nybygg. Vi driv også med blåseisolering. Du kan velje totalleveranse, eller avtale delar av prosjektet med eigeninnsats. Ingen jobb er for liten – lat oss setje det iStand for deg.

Bustadhus med raudt tak og store vindu med utsikt over fjord og fjell
01

Hus, hytte, tilbygg og garasje

Vi byggjer hus, hytter, tilbygg og garasjar for private og næringsdrivande. Du kan velje eit ferdighus frå Lindehus, eller vi teiknar prosjektet ditt frå grunnen. Vi kan levere komplett med «nøkkel i døra».

Kontakt oss
Modernisert bustad ute med ny kledning og terrasse
02

Modernisering ute og inne

Vi hjelper deg med alle typar oppussing. Det kan vere tilleggsisolering, blåseisolering, nytt bad, nytt kjøkken, ny veranda eller bytte av kledning. Vi tek alt frå planlegging til ferdig resultat.

Kontakt oss
Nyrenovert bad med dobbel vask, speil og lyst tre
03

Nytt bad

Gje badet ditt eit skikkeleg løft! Vi tek heile jobben – frå idé og planlegging til ferdig, topp moderne bad. Med fokus på kvalitet og smarte løysingar lagar vi bad du blir stolt av og trivst med kvar einaste dag.

Kontakt oss
Moderne kjøkken med store vindu i eit lyst rom
04

Nytt kjøkken

Gjer kjøkkenet til heimens kulaste rom! Med smarte løysingar, freshe detaljar og handverk du kan stole på. Enten du vil ha eit stilreint uttrykk eller noko meir personleg, skapar vi eit kjøkken som er perfekt for deg.

Kontakt oss
Lyst interiør med ny innvendig trapp
05

Ny trapp

Vi leverer innvendige trapper som både tåler kvardagen og løftar uttrykket i heimen. Med robuste materialval og gjennomtenkt design får du ei løysing som er trygg, slitesterk og stilfull – perfekt tilpassa din bustad.

Kontakt oss
Detalj av nybygd balkong med presis utføring
06

Platning og veranda

Skap uteplassen du alltid har ønskt deg! Med solide materialval og gjennomtenkt design byggjer vi slitesterk platning og veranda som tåler ver og vind – og som samstundes løftar uttrykket rundt heimen.

Kontakt oss
iStand utfører blåseisolering på vegg
07

Blåseisolering

Kaldt i huset? Spar pengar på oppvarming ved å isolere. Vi tilbyr blåseisolasjon – ein effektiv, rask og enkel måte å få isolert loft, etasjeskiljar og veggar. Sjå eiga side om blåseisolering for meir informasjon.

Kontakt oss
Hytte med nye vindu og dører
08

Nye vindu og dører

Gamle vindu og dører slepp inn mykje kulde i huset ditt. Vi tilbyr gode råd, levering og montering av nye vindu og dører tilpassa bustaden din.

Kontakt oss
Nytt tak med svarte takplater og takvindu
09

Takarbeid og takservice

Er taket ditt meir enn 30 år gammalt? Dei fleste tak har om lag 30 års garanti. Kanskje taket ditt er klar for utskifting? Vi utfører takbefaring og kan gi pris på naudsynte reparasjonar eller nytt tak.

Kontakt oss
Lindehus

Vi er Lindehus-forhandlar

Sjå utvalet av ferdighus og ferdighytter frå Lindehus. Vi tilpassar leveransen til ditt prosjekt.

Har du eit prosjekt du vil diskutere?

Ta kontakt for ein uforpliktande prat, synfaring eller tilbod. Vi svarar deg så fort vi kan.